Kva er logg?
Lytt til denne teksten om logg
Arbeidskravet til deg under utplassering er å lage tre logginnlegg om
- Kva har eg gjort / lært
- Korleis utførte eg oppgåva / oppgåvene
- Kva har eg observert
Du skal i tillegg avslutte loggen med å skrive nokre ord om ein arbeidsteknikk kokkane nyttar på kjøkkenet. Det blir tilsaman tre ulike teknikkar.
Her er eit eksempel på ein kutteteknikk henta frå You tube
Mål med denne oppgåva
Eit av måla vi har valgt ut frå vg3 læreplanen til kokkfag er målet om å planlegge, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige arbeid. Å skrive logg frå arbeidspraksisen er å dokumentere eige arbeide. I tillegg er det viktig dokumentasjon
ovanfor opplæringskontoret og lærebedrifter på kva du har opplevd, lært og
erfart i praksis. Det er óg ein del av
vurderingsgrunnlaget i prosjektet fordjuping og i norsk.