torsdag 11. oktober 2012

Korleis og kvifor skrive logg?

Når du er utplassert i bedrift skal du dokumentere arbeidet du gjer gjennom logg. Logg om min arbeidpraksis er viktig av fleire grunnar, som du kan lese eller lytte til i innlegget under som er henta frå NDLA



Kva er logg?

Lytt til denne teksten om logg





Arbeidskravet til deg under utplassering er å lage tre logginnlegg om

  • Kva har eg gjort / lært
  • Korleis utførte eg oppgåva / oppgåvene
  • Kva har eg observert 




Du skal i tillegg avslutte loggen med å skrive nokre ord om ein arbeidsteknikk kokkane nyttar på kjøkkenet. Det blir tilsaman tre ulike teknikkar.


Her er eit eksempel på ein kutteteknikk henta frå You tube







Mål med denne oppgåva 


Eit av måla vi har valgt ut frå vg3 læreplanen til kokkfag er målet om å planlegge, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige arbeid. Å skrive logg frå arbeidspraksisen er å dokumentere eige arbeide. I tillegg er det viktig dokumentasjon ovanfor opplæringskontoret og lærebedrifter på kva du har opplevd, lært og erfart i praksis. Det er óg ein del av vurderingsgrunnlaget i prosjektet fordjuping og i norsk.

1 kommentar:

  1. Opplegget let seg gjennomføre, men eg har ikkje klart for meg korleis elevane skal levere inn loggen sin. Skal dei skrive loggen på ein blogg? Om det er tilfelle: korleis tenkjer du i forhold til det som står i det siste avsnittet i lenkja om logg: "Loggen skal oppbevares sånn at den ikke er tilgjengelig for andre enn eleven og faglæreren. Hvis en lærer ønsker å bruke en logg i oppgaver eller som framlegg for klasser, skal eleven ha gitt sitt samtykke først. Loggen må også selvfølgelig være helt anonymisert."

    Eg vil seie at lenkjene dine er relevant for oppgåva. Lenkjene om logg er til NDLA sine sider, og det må reknast som kvalitetssikra sider. Videoen er henta frå YouTube, og for meg ser det ut til å vere ei kjelde av god kvalitet. Det er gjeve opp eit namn i starten av videoen, og det kan ein jo eventuelt sjekke opp om ein skulle vere i tvil.

    Det hadde vore fint om du tok med kompetansemåla som oppgåva er laga ut frå.

    Korleis tenkjer du at logggen skal vurderast?

    SvarSlett