Refleksjonsnotat


Kort refleksjon over mitt didaktiske arbeid.

Skriv logg på blogg.


Eg underviser blant anna i prosjekt til fordjuping der elevane i periodar er ute i bedrift og får praksiserfaring. Tidlegare har elevane levert logg i Fronter, slik at eg har kunne følgt med kva dei opplever og lærer i utplasseringsperioden. Ein ting eg synes har vore ein svakheit ved innlevering på Fronter, er at det er tungvindt for elvane å lese loggane til kvarandre. Dagens ungdom som blir kalla «New Milleniums learners» er vand med at når dei søkjer informasjon, får dei resultatet raskt. Ein treng ikkje opne fleire mapper og vente på nedlasting, slik ein må i Fronter. Med ein blogg med logg vil eg at det skal bli lettare for elvevane å dele det dei har lært, i tillegg til å dele sine observasjonar og erfaringar dei får ute i bedriftene. Ein veit at delingskulturen står altså sterkt blant barn og unge i dag. Dei er aktive produsentar av digitalt innhald på fritida. Nedlasting av musikk, publisering av bilete, fotografi og ikkje minst produsering og posting av videosnutter er aktiviteter som engasjerer dei unge, og som mange tar del i (Tømte og Søby 2009). Og nettopp det er ein av dei grunnane til at eg trur at å blogge logg om utplassering er noko elevane lett vil delta på, og vil sjå på som ei oppgåve dei meistra lett. Som arbeidskrav skal elevane levere tre innlegg i løpet av praksisperioden, noko som eventuelt kan justerast opp. I tillegg skal dei fordjupe seg i tre teknikkar og dele dei med oss andre. Eg set òg eit krav om at elvane må lese kvarandre sine loggar og eventuelt komme med relevante kommentarar. Til vanleg er det mellom 10 til 12 elevar som er utplassert til same tid, så mengda loggar er overkommeleg å lese. Eg ønskjer at dette skal vere ein blogg som ikkje er open for andre enn inviterte, men er ikkje sikker på korleis dette kan løysast. Grunnen til at eg ønskjer ein «lukka» blogg, er blant anna at elevane kan komme til å skrive upassande kommentarar eller ting som kan skade bedriftene dei er utplassert i. På sidene til «Personverskulen» er det diskutert ein del om ein kan pålegge elevane å blogge. Der står det at skulen må i de aller fleste tilfelle ha samtykke frå elever dersom ein ønskjer at dei skal skrive blogg som ledd i skulearbeidet, og der også at det må vere eit mål for skulen å unngå pedagogisk bruk av blogg som gir fare for krenkelsar av personvernet. Blogging på eit internt nettverk, det vil seie ikkje på Internett, må vere ei løysning som både ivareta omsynet til personvern og eit forsvarleg pedagogisk opplegg (www.personvernskolen.no/node/329 tilgjengeleg 25.10.12)

Å bruke blogg til logg er noko eg vil prøve ut ved neste utplassering som eit tverrfagleg prosjekt saman med norsklæraren. Ein veit at ungdomen i dag er online døgnet rundt og at dei er fortrolige med digitale media og Internett, så eg håpar at dette vil tiltale dei. Eg håpar òg at blogg med logg vil engasjere dei og at alle vil delta aktivt. Eg trur at elevane, utan å vere klar over det, vil lære meir av det dei har opplevd i arbeidspraksisen når dei reflektera over dette i bloggen. Eg trur òg at dei vil like å dele det dei har lært med medelevar og lærarar


Referansar:

Tømte, Cathrine  og Søby, Morten: Å vokse opp digitalt – dagens barn og unge i Røys, Heidi Grande (red): Delte meninger.Universitetsforlaget 2009.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar